KTS-laget er i gang med verdscupen!

by karitraa at Thu, 8th Dec 2011

I desse dagar befinn nokre av jentene frå Kari Traa Skilaget seg i Ruka i Finland. Dei er tatt ut for å delta i opninga av World Cup i freestyle 10. desember. Jentene er allereie i gang med treningar og førebuingar i Ruka. Dei er kjempenøgde med kulebakken, “bratt, jevn, ikkje for hard og bra hopp,” i følge Hedvig Wessel, ei av dei fire jentene frå KTS-laget som er tatt ut til å delta.

Landslagstrenar David Kantermo seier at “Jentene er supergira! Framtida ser bra ut. Til vinteren er målet at flere av jentene kvalifiserer seg for finaleplasser i verdscupen.”

Det tvilar me ikkje på at dei klarar. Alle har jobba knallhardt mot årets vintersesong. Me ynskjer dei lykke til, og satsar på ein bra vinter for laget!

Dei fire jentene som skal vera med i opninga er:



Hedvig Wessel, IL Heming

Emilie Noel Amundsen Aron Skiklubb

Amalie CH Sørensen, IL Heming

Ingvild K. Bergesen, Bergen Freestyleklubb
 
 
Også gutane har 4 stk som deltar i verdscup-opninga:
 
Tevje Lie Andersen, Voss Freestyleklubb
Knut Lemme, Voss Freestyleklubb
Ole Fretheim, Voss Freestyleklubb
Vinjar Slåtten, Voss Freestyleklubb

Me ynskjer dei lykke til!

About
This blog contains news about events and happenings around the Kari Traa brand and our team members.
Tags

Kari Traa spotify