Dette bør du ha under skibuksa

by karitraa at Tue, 7th Feb 2012

Kven har ikkje opplevd stramme og ubehagelege slalomstøvlar som har satt sitt preg på ein elles super dag i løypene? Du vil unngå å frysa på stumpen og beina når minusgradene snik seg innpå, og tenkjer at du følgeleg må kle deg deretter. Har du fleire lag med sokkar, stillongs og kanskje til og med ei treningsbukse som du stappar nedi skibuksa? Stopp, stopp! Sjølvsagt skal du kle deg etter veret, men det kan du lett gjera utan å inngå kompromiss med “frøken komfortabel”.

Vel ein god ullstillongs og pass på at den ikkje er altfor lang slik at den “klumpar” seg lengst nede.
På føtene er det mange som kombinerer bomullssokkar og tjukke ullsokkar. Dette må du unngå! Altfor tjukke sokkar reduserer passformen i støvlane og resulterer i kalde tær, og bomullssokkar er absolutt fy fy! Vel heller eit par lange ullsokkar med god elastisitet og som går over støvlane. Etter endt skidag vil føtene dine takka deg for at du haldt dei både tørre og komfortable!

Ikkje gå i fella og hiv på ei ekstra lag med bukse dersom du har bruk for meir varme. Investér heller i ei god trekvartsbukse som gjer jobben utan å stela plass nedi støvlane.

Cavil-buksa i glatt fleece og trekvart lengd er perfekt å ha under skibuksa. Buksa stoppar over støvlane, slik at du unngår for stramme støvlar. Dei temperaturjusterande panela fungerer flott som isolasjon på vinteren.
Du kan matche med den feminine Cavil-jakka som du brukar under ytterjakka. Hals, panneband og lue er også ein del av denne serien.

Spelsau undertøy er konstruert med 100% polypropen på innsida som transporterer vekk fuktigheit og 100% merinoull på utsida som vernar mot kulda.

Gode og lange ullsokkar ispedd syntet for å transportera vekk fuktigheit og auka slitestyrke.

About
This blog contains news about events and happenings around the Kari Traa brand and our team members.
Tags

Kari Traa spotify