Sommarfuglar i vinterland

by karitraa at Tue, 14th Feb 2012

Designjentene og Kari traa-teamet på Alpetur.


I slutten av januar reiste me jentene som jobbar med Kari Traa på inspirasjonstur. Inspirasjon er nødvendig i arbeidet me gjer, og alt av nye opplevingar og inntrykk gir oss ein skikkelig boost! Dessutan er det jo kjempe OK sosialt sett :)

Me begynte med å besøka ISPO, verdens største sportsmesse som ligg i München. Her viser alle dei store sportsmerka frå heile verda, inkludert oss, neste års vinterkolleksjonar. Å besøka ISPO er definitivt ein fin måte å halda seg oppdatert på, og sjekka pulsen på det som skjer i resten av bransjen.

Kari Traa stand på ISPO


Vidare gjekk turen til himmelriket St. Anton der me hadde to fantastiske dagar på ski!

Her nytta med sjølvsagt sjansen til å testa årets, og komande sesongs skikle. Dei funka perfekt i kulda, og haldt oss tørre og varme. Me skilde oss ut i mengda med dei fargerike og feminine antrekka, både i bakken og ikkje minst på afterski!




Kari var sjølvsagt med, og det var vel ingen bombe at ho køyrde frå oss alle ;-)



Sola skin alltid over skyene.


Me avlutta dagen med glühwein og jägerte på afterski.

About
This blog contains news about events and happenings around the Kari Traa brand and our team members.
Tags

Kari Traa spotify