Sommarfuglar i vinterland
by karitraa at Tue, 14th Feb 2012
Designjentene og Kari traa-teamet på Alpetur.

I slutten av januar reiste me jentene som jobbar med Kari Traa på inspirasjonstur. Inspirasjon er nødvendig i arbeidet me gjer, og alt av nye opplevingar og inntrykk gir oss ein skikkelig boost! Dessutan er det jo kjempe OK sosialt sett :)
Me begynte med å besøka ISPO, verdens største sportsmesse som ligg i München. Her viser alle dei store sportsmerka frå heile verda, inkludert oss, neste års vinterkolleksjonar. Å besøka ISPO er definitivt ein fin måte å halda seg oppdatert på, og sjekka pulsen på det som skjer i resten av bransjen.

Kari Traa stand på ISPO
Vidare gjekk turen til himmelriket St. Anton der me hadde to fantastiske dagar på ski!
Her nytta med sjølvsagt sjansen til å testa årets, og komande sesongs skikle. Dei funka perfekt i kulda, og haldt oss tørre og varme. Me skilde oss ut i mengda med dei fargerike og feminine antrekka, både i bakken og ikkje minst på afterski!

Kari var sjølvsagt med, og det var vel ingen bombe at ho køyrde frå oss alle ;-)


Sola skin alltid over skyene.

Me avlutta dagen med glühwein og jägerte på afterski.
Tid for å gje merksemd til dine kjære…
by karitraa at Thu, 9th Feb 2012

Har du ei sprek mor, kone, kjærast? Ei elskarinne eller venninne? På søndag er det jo morsdag og neste veke er det Valentinsdag! Gje damo/jento den merksemda ho fortener, og ei mjuk forundringspakke frå Kari Traa vil vel gå rett heim? ;-)
Kva med ein Butterflytopp til den treningsaktive?
Eller ein god ulltopp som varmar?
Ein fargesprek bokser?
Bla deg gjennom produkta våre og finn masse flotte gåveidéer til den som fortener det mest. Spring til nærmaste sportsbutikk eller gå inn på White Planet :)
Dette bør du ha under skibuksa
by karitraa at Tue, 7th Feb 2012

Kven har ikkje opplevd stramme og ubehagelege slalomstøvlar som har satt sitt preg på ein elles super dag i løypene? Du vil unngå å frysa på stumpen og beina når minusgradene snik seg innpå, og tenkjer at du følgeleg må kle deg deretter. Har du fleire lag med sokkar, stillongs og kanskje til og med ei treningsbukse som du stappar nedi skibuksa? Stopp, stopp! Sjølvsagt skal du kle deg etter veret, men det kan du lett gjera utan å inngå kompromiss med “frøken komfortabel”.
Vel ein god ullstillongs og pass på at den ikkje er altfor lang slik at den “klumpar” seg lengst nede.
På føtene er det mange som kombinerer bomullssokkar og tjukke ullsokkar. Dette må du unngå! Altfor tjukke sokkar reduserer passformen i støvlane og resulterer i kalde tær, og bomullssokkar er absolutt fy fy! Vel heller eit par lange ullsokkar med god elastisitet og som går over støvlane. Etter endt skidag vil føtene dine takka deg for at du haldt dei både tørre og komfortable!
Ikkje gå i fella og hiv på ei ekstra lag med bukse dersom du har bruk for meir varme. Investér heller i ei god trekvartsbukse som gjer jobben utan å stela plass nedi støvlane.
Cavil-buksa i glatt fleece og trekvart lengd er perfekt å ha under skibuksa. Buksa stoppar over støvlane, slik at du unngår for stramme støvlar. Dei temperaturjusterande panela fungerer flott som isolasjon på vinteren.
Du kan matche med den feminine Cavil-jakka som du brukar under ytterjakka. Hals, panneband og lue er også ein del av denne serien.
Spelsau undertøy er konstruert med 100% polypropen på innsida som transporterer vekk fuktigheit og 100% merinoull på utsida som vernar mot kulda.
Gode og lange ullsokkar ispedd syntet for å transportera vekk fuktigheit og auka slitestyrke.
Like fin i bakken som på afterski!
by karitraa at Wed, 25th Jan 2012

Lekkert og funksjonelt med Kari Traa innerst til ytterst. Du vert garantert lagt merke til i bakken og på afterski!
La deg inspirera av desse ulike kombinasjonane, miks og match akkurat slik du vil, og du er klar til å erobra løypene!


F.v.: Alta Jacket, Smala Capri, Rose Wool Sock, SP Smala Polo, Corra Beanie, Alta Pant, Smala Top
Klikk her får å sjå fleire forslag til sporty, vinterlege outfits!
Flott dag på jobb!
by karitraa at Fri, 20th Jan 2012

Det er fredag! Det er helg! Etter ei travel veke på kontoret på Voss nyttar me sjansen til å stikka opp på fjellet og testa Kari Traa kleda, både ullundertøy og skikle! Kort og godt, moro på jobb.
Ha ein flott og pudderrik helg, folkens :)

Varm og funksjonell dunjakke som kjem neste vinter!

Alta jakka og buksa held verkeleg mål! Fantastisk handy med lomme på brystet.

Jul i Kina
by karitraa at Mon, 19th Dec 2011
Vi på design er i Kina for å se på 1. protoer for sommer kolleksjonen 2013. Jeg skal gi dere en smake bit på hvordan livet i Kina er i dagens blogginnlegg.
De feirer ikke jul i Kina, mange jeg har snakket med i løpet av uken har faktisk aldri hørt om jul og vet ikke hva det er, så som dere skjønner er det er ikke mye som minner om jul her. Likevel greier Kurt Nilsens jule-CD å skape en viss stemning.
Uansett er det så mye å se og gjøre her i Kina at man rekker ikke tenke så mye på julen. Eller forresten vi bruker all fritid vi har på å handle julegaver. Her i Kina er det billig billig så det blir fine julegaver i år.
Nå er det en dag igjen hei i Shanghai, 2 dager på jobb og så er det juuuuuul:)

Dro sist mandag og ankom da Shanghai tirsdag morgen. Heldiggrisen meg hadde fått adventsgave av mamma med meg på turen.

Dette innholdet kom godt med på den 15 timers lange turen.

På flyplassen sto Cai vår alltid så blide sjåfør å tok meg i mot. Her er et bilde jeg tok av skylinen på bilturen.

Dagene etterpå sto det fabrikk besøk på tapeten. Man blir akkurat like fasinert hver gang hvor fort det jobbes, fant en halv sydd Kari Traa jakke som vi få timer etterpå mottok fiks ferdig.


Det mest spennende på et fabrikk besøk er lunsjen….. Man deler rundt 10-14 retter med alle rundt bordet - alle smatter, slaffser og koser seg, men ingen vet hva de spiser. De spiser alt i Kina! For eksempel denne fiskesuppen kokt på et fiskehode. Denne fisken var sjelden å kun for spesielle anledninger, sånn som når kunder som oss kom og kostet 1000 kr.

Her er jeg utenfor fabrikken sammen mine kollegaer i Kina og de som jobbet på fabrikken.



Trivelig lunsj med alle de som hjelper oss i Shanghai. Litt av en fantastisk gjeng.
Kaldt i Shanghai om dagen, derfor har alle jakke på igjennom hele lunsjen.
I Kina er det ikke vanlig med ventilasjon, varmt vann og oppvarming alle steder. Og de er mye flinkere til å spare enn oss.

Synes dette bildet er ganske beskrivende for hvordan jeg opplever mye av Kina – Same, same but different :)
(Etasjeknappene i heisen på hotellet, ser ut til at etasje nr. 4 er glemt?)
Silje Fillingsnes - Designer
KTS-laget er i gang med verdscupen!
by karitraa at Thu, 8th Dec 2011
I desse dagar befinn nokre av jentene frå Kari Traa Skilaget seg i Ruka i Finland. Dei er tatt ut for å delta i opninga av World Cup i freestyle 10. desember. Jentene er allereie i gang med treningar og førebuingar i Ruka. Dei er kjempenøgde med kulebakken, “bratt, jevn, ikkje for hard og bra hopp,” i følge Hedvig Wessel, ei av dei fire jentene frå KTS-laget som er tatt ut til å delta.
Landslagstrenar David Kantermo seier at “Jentene er supergira! Framtida ser bra ut. Til vinteren er målet at flere av jentene kvalifiserer seg for finaleplasser i verdscupen.”
Det tvilar me ikkje på at dei klarar. Alle har jobba knallhardt mot årets vintersesong. Me ynskjer dei lykke til, og satsar på ein bra vinter for laget!
Dei fire jentene som skal vera med i opninga er:

Hedvig Wessel, IL Heming

Emilie Noel Amundsen Aron Skiklubb

Amalie CH Sørensen, IL Heming

Ingvild K. Bergesen, Bergen Freestyleklubb
Også gutane har 4 stk som deltar i verdscup-opninga:
Tevje Lie Andersen, Voss Freestyleklubb
Knut Lemme, Voss Freestyleklubb
Ole Fretheim, Voss Freestyleklubb
Vinjar Slåtten, Voss Freestyleklubb
Me ynskjer dei lykke til!
Vinn flotte premiar i jolakalenderen vår!
by karitraa at Mon, 5th Dec 2011

Har du sett den flotte jolakalenderen vår på Facebook? Der kan du vinna flotte premiar frå Kari Traa kvar einaste dag fram mot julaftan. Det einaste du treng å gjera er å svara på eit enkelt spørsmål som du finn svara til her på nettsida. Verre er det faktisk ikkje :)
Delta du óg! Du veit aldri, du kan vera den heldige og får tilsendt ein flott premie i posten!
Verdspremiere på Kari Traa reklamefilm
by karitraa at Thu, 1st Dec 2011

Tadaaa!! Då er reklamefilmen vår endeleg ferdig, og her inviterer me deg til å sjå filmen og dela den med heile verden :) Ca. 150 tøffe og sporty jenter var med på catwalk-castinga me hadde i Bergen og Oslo i slutten av oktober, og ti av desse jentene har blitt plukka ut til filmen. Desse ti får også kvart sitt sett med Rose ullundertøy!
Me takkar absolutt alle jentene som stilte opp, det var utruleg tøft! Håpar de likar reklamefilmen og vil dela den med alle de kjenner. Me er iallfall super nøgde med resultatet :)
Dei ti heldige jentene som får Rose ullundertøy er:
Runa Barli
Hanne Aalberg
Helene Ruud Johansen
Anette Martinsen
Inger Helene Hammerstrøm
Mari Westad
Benedicte Rasch
Tine Lise Folvik
Naila Begic
Ingvild Berge
Vil du jobba med Kari Traa-gjengen?
by karitraa at Wed, 30th Nov 2011

Me søkjer etter ein kreativ leiar. Denne personen skal leia designteamet og ha det overordna ansvaret for oppbygginga av kolleksjonane.
Du må ha relevant designarbakgrunn, leiareigenskapar og riktig forståing for totalkonseptet innan sport og fritid.
For meir informasjon om stillinga, kontakt:
Petter Wildhagen
Tlf: 99386638
E-post: petter@modeverket.no
About
This blog contains news about events and happenings around the Kari Traa brand and our team members.Bloggers
Eveline BhendKari Traa
Kari Traa Skilag
Kari Schibevaag
Kjersti Eide
Linda Baginski
Silvi Schlereth
Teresa Brenner








